Leige av hallar til enkeltarrangement
Her finn du informasjon om utleige av gymsalar og idrettshallar i Sula kommune for enkeltarrangement.
Gymsalane ved Molvær senter og Sula ungdomsskule kan kun leigast til trening. For andre typar enkeltarrangement må det søkast om leige av Solevågshallen, Rørstadmarkahallen eller Sulahallen.
I kva for periodar er lokala tilgjengelege?
- 20. august - 20. juni i hallane
- 1. september - 1. juni i gymsalane
Kven kan søke?
Du må vere 18 år for å kunne signere ein leigeavtale.
Korleis søke?
Søknad må sendast inn minst ei veke før planlagt arrangementsdato. Når du har sendt inn søknaden, vil du motta ein e-post med stadfesting, eller avslag på reservasjonen.
Reserver gymsalar og idrettshallar for enkeltarrangement
Pris
Betalingssatsatsar for leige av kommunale bygg (PDF, 91 kB)
Reglement
Publisert 21.06.2018 14.11
Sist endra 07.08.2023 12.19