Leige av lokale ved skulane for enkeltarrangementLytt til tekstenStopp avspillingKva tilbyr vi?Utleige av gymsalar, sosialt rom og anna lokale ved skulane. I tillegg til gymsalane, skal følgjande lokale ved skulane kunne leigast ut: Solevåg skule: Klasserom, sosialt rom og SFO-base B. Måseide skule: Eitt av grupperomma. Fiskarstrand skule: 1.klasse-rommet (også brukt til SFO). Langevåg skule: SFO-base 1 og 2. Sula ungdomsskule: Amfiet og møterom i 2. etasje. Om du skal søke om faste treningstider finn du meir informasjon her Om du ønsker å leige Sulahallen eller Solevågshallen til enkeltarrangement finn du meir informasjon herKven kan få leige?Du må vere over 18 år for å kunne signere ein leigeavtale. Lokala skal leigast ut etter følgjande prioritering: Elevar ved den aktuelle skulen Elevar frå andre skular i kommunen Frivillige lag og organisasjonar i kommunen Andre innbyggjarar busette i kommunenTilfeldig utleige skal vike plass for fast leige og kampar/arrangement.Korleis søke?Det er rektor ved skulen som er ansvarleg for å administrere utleige og tildele leigetid for enkeltarrangment, sjå kontaktinforamsjon under. Leigeavtale skal fyllast ut og singerast av ansvarleg leigetakar. PrisBetalingssatsar (PDF, 521 kB) Servicetorget i kommunen sender ut faktura med bakgrunn i opplysningane dei har fått frå rektor. ReglementReglement for utleige av kommunale bygg til privatpersonar (PDF, 118 kB)Rutiner for reinhald i samband med utleige av kommunale lokale (PDF, 393 kB)