Kva tilbyr vi?
Sula kommune tilbyr tilskot for å fremme aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar og støtte kulturtiltak i regi av enkeltpersonar og frivillige organisasjonar.
Kven kan søke?
Sula kommune tildeler tilskot berre etter søknad. Søkarane kan vere enkeltpersonar, frivillige lag, eller organisasjonar.
Organisasjonar skal vere demokratisk oppbygd og vere opne for alle. Kommersielle tiltak/arrangement blir ikkje prioritert ved tildeling av tilskot frå kulturmidlane.
Interkommunale organisasjonar utan lokallag i Sula blir normalt ikkje tildelt tilskot.
Ver merksam på at retningslinjer og føresetnadar kan variere frå den eine tilskotsordninga til den andre.
Generelle vilkår for å få tildelt tilskot
- organisasjonen må aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis.
- laget/organisasjonen/foreininga må ha ein aktiv profil på sula.friskus.com .
Det skal følge med rekneskap, årsmelding og organisasjonen sine retningsliner/vedtekter saman med søknad. Søknader utan slike vedlegg blir ikkje behandla.
Oversikt over kulturtilskot
Søknadsfrist, søknadsskjema og kontaktinformasjon finn du ved å gå inn på den enkelte tilskotsordning under.