Søk om kulturtilskot

Kva tilbyr vi?

Sula kommune tilbyr tilskot for å fremme aktiviteten i frivillige lag og organisasjonar og støtte kulturtiltak i regi av enkeltpersonar og frivillige organisasjonar.

Kven kan søke?

Sula kommune tildeler tilskot berre etter søknad. Søkarane kan vere einskildpersonar, frivillige lag eller organisasjonar.

Organisasjonar skal vere demokratisk oppbygd og opne for alle. Kommersielle tiltak/arrangement blir ikkje prioritert ved tildeling av tilskot frå kulturmidlane.

Interkommunale organisasjonar utan lokallag i Sula blir normalt ikkje tildelt tilskot.

Ver merksam på at retningslinjer og føresetnadar kan variere frå den eine tilskotsordning til den andre. 

Generelle føresetnadar for å få tildelt tilskot: 

  • organisasjonane aksepterer ordninga med følgjebevis/ledsagarbevis. 
  • laget/organisasjonen/foreininga har ein aktiv profil på sula.friskus.com . 

Det skal følgje med rekneskap, årsmelding og organisasjonen sine retningsliner/vedtekter saman med søknad. Søknader utan slike vedlegg blir ikkje handsama.

Søknadsfrist og søknadsskjema finn du ved å gå inn på den enkelte tilskotsordning under.

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.