Solhøla

Barna på Solhøla er 3-6 år - og denne gjengen vert sprek. Dei er på tur fleire gonger i veka i det flotte nærområdet vårt!

Mot vest, til venstre når du kjem inn i Sunde barnehage ligg Solhøla. Denne gjengen tel 20-24 barn.

For å legge til rette for ro og eit godt leike- og lærlingsmiljø, deler vi barna opp i to grupper kvar formiddag. På denne måten kjem og vi vaksne tettare på barna og det blir meir rom for å sjå kvart enkelt barn.

I Sunde barnehage har vi eit stort fokus på friluftsliv. Vi på Solhøla er på tur fire gongar i veka, to turdagar fordelt på kvar gruppe. Vi har flotte turmulegheiter i nærleiken av barnehagen. Nokre av turmåla vi ofte går til er Sundsmyra, Trollskogen, Kallarhaugen og Nausthaugen. Her blir barna kjent med livet både i skogen og i fjøra.

Den gruppa som ikkje har turdag, er igjen i barnehagen. Kvar tysdag og onsdag har vi opplegg med MoTo-leik, og torsdag og fredag jobba vi med temaarbeid og laga varmmat.

I barnehagen får barna frukost, lunsj og eit fruktmåltid. Kvar fredag laga vi varmmat saman med barna. Vi tar også ofte i bruk bålpanne, og laga mat ute. Vi har eit fokus på god og sunn mat, som er laga frå botnen av.

Etter tur og temaarbeid er det frileik inne eller ute. Vi er opptekne av at barna skal få mye tid og rom til leik og fantasi i eit trygt miljø kor alle skal få være med.

 

Dagsrytma på Solhøla ser slik ut:

Kl. 07.00 Barnehagen opnar

Kl.07.45-08.30 Frukost

Kl. 08.30-9.30 Leik/førebuing til aktivitetar/samling

Kl. 09.30-11.00 Aktivitet/tur/leik

Kl. 11.00-11.45 Måltid

Kl. 11.45-14.00 Leik//tur

Kl. 14.00-14.30 Fruktmåltid

Kl. 14.30-16.30 Leik/rydding etter dagen

 

Telefonnummer til Solhøla

Turtelefon: 91 72 84 47

Avdelingstelefon: 91 80 68 36