Sula og Giske kommune samarbeider i eit 3-årig utviklingsarbeid omkring ny rammeplan og leiing av implementeringa av rammeplan for barnehage. Utviklingsarbeidet starta i januar 2018, og vert avslutta i desember 2020.
Målsetting for det treårige utviklingsarbeidet er:
- å styrke barnehagen som omsorgs-, leike-, lærings- og danningsarena for barna gjennom arbeid med leiarskap for styrarar og pedagogiske leiarar.
- å skape ein lærande, involverande og nyskapande organisasjonskultur til nytte for den enkelte barnehagen og for barnehagesektoren i Sula og Giske kommune.
- å utvikle kompetente leiarar som har gode verktøy og engasjement for å drive utviklingsarbeid, og som kan utvikle barnehagen som lærande organisasjon.
Dette skal ein nå gjennom:
- Verdibasert leiaropplæring.
- Verksemdsanalyse, opplæring i utviklings- og læringsverktøy med utgangspunkt i ny rammeplan. Leiing av implementeringsarbeid.
- Leiing av prosessane i utvikling av planverk som reiskap for styring av barnehagen som organisasjon.
Handlingsplan To Fram (PDF, 641 kB)