0 til 6 år

Kva tilbyr vi?

PPT samarbeider med- og støttar barnehagar og skular i det førebyggjande arbeidet, for å gi eit inkluderande tilbod til barn og unge som kan ha behov for tilrettelegging. PPT bistår også barnehagar og skular med kompetanse- og organisasjonsutvikling, og utarbeider sakkunnige vurderinger for barn og elever som særlige behov. Det står i barnehagelova § 33 og opplæringslova § 11-13.  Du kan lese meir om PPT og spesialpedagogisk hjelp på UDIR sine sider ved å trykke her. 

  • PPT har fast trefftid i barnehagane.
  • PPT kan gi råd til føresette og personale i barnehagen om utvikling, trivsel og tilpasning.
  • PPT har eige førskuleteam, med to pedagogisk-psykologiske rådgivarar.
  • PPT gir råd om logopedbehandling når dette fell inn under kommunen sitt ansvarsområde. Les meir om logopedhjelp her.
  • PPT deltek i SamBa småbarn og andre lavterskeltilbod som du kan lese meir om her.
  • PPT gir sakkunnig uttale om utsett og tidleg skulestart.
  • PPT har spesialpedagogisk team, som følgjer opp tilråding og vedtak om spesialpedagogisk hjelp, og gir direkte hjelp til barna. Slik hjelp kan vere ulike stimuleringstiltak som er grunnleggande for den vidare utviklinga til barnet. Tidleg innsats og heilskap i barnehagetilbodet er sentralt.
  • PPT har ambulant spesialpedagog med spesialkompetanse på fleirspråklege barn, vedkommande jobbar med styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn.

Kven kan få tilbodet?

Føresette og barn i førskulealder.
Personalet i barnehagane.

Korleis få tilbodet?

Føresette kan ta kontakt i hovudsak gjennom skulen eller evt. gjennom andre hjelpetenester.

Det skal vere gjennomført naudsynt kartlegging og utprøving av tiltak før melding til PPT. Stafettlogg skal opprettast. Stafettlogg skal vere evaluert før drøfting av melding  med PPT.  Barnehagen og PPT drøftar meldingar på avtalte drøftingsmøte. Meldeskjema skal fyllast ut. 
PPT kan gi råd til barnehagar om barn som ikkje er meldt til PPT, når føresette har gitt samtykke eller det er tilstrekkelig anonymisert.

Melding om kompetanse- og organisasjonsutvikling vert sendt til PPT dersom barnehagane ønsker hjelp til utviklingsarbeid.

Kva skjer vidare?

Etter meldinga er mottatt vil føresette og meldar få tilbakemelding om planlagt oppstart. Saksansvarleg pedagogisk-psykologisk-rådgivar vil gje tilbakemelding undervegs og etter fullført utgreiing. Etter sakkunnig tilråding om spesialpedagogisk hjelp, skal styrar i barnehagen gjere vedtak. I samarbeid med barnehagen følgjer spesialpedagogisk team i PPT opp tilråding og vedtak.

Klage

Foreldre kan klage på vedtak om spesialpedagogisk hjelp.

Lover og reglar, 

Lov om barnehagar

Kontakt

Katrin Salen Torben
Konsulent
E-post
Telefon 95 71 02 22
Mobil 95 71 02 22
Monica Yvonne Særsten Furnes
Ped.psyk.rådgiver
E-post
Telefon 40 10 33 20
Mobil 95 71 02 23
Helena Hjelm
Still med 5-årig U H-utd
E-post
Mathias Myhre
Spesialpedagog
E-post
Rebecca Kristin Nilsen
Spesialpedagog
E-post
Inger Karin Fagerhol Eikrem
Spesialpedagog
E-post
Berit Helen Tronstad
Barnehagelærar
E-post
Mobil 95 71 02 24
Toril Lervåg
Lærer
E-post
Mobil 90 12 17 92
Katrine Elise Aarseth Bratteberg
Adjunkt
E-post
Mobil 90 13 61 40
Joanna Natalia Platek
Spesialpedagog
E-post
Mobil 90 03 35 54
Synnøve Molvær Vågnes
Avdelingsleiar
E-post
Mobil 99 53 75 27

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Ordinære opningstider

  • Innbyggartorg og sentralbord er opent måndag og onsdag 09:00 - 13:00.
  • Dørene på rådhuset er opne måndag - fredag 08:00-15:30.