Sula kommune

Læringsmiljø

Aktivitetsplan

«Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø»  §9A-4  
                                        
”Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.» §9A-3

Skulen vil gjennom ulike tiltak i aktivitetsplanen, og i samarbeid med foresatte og elev, arbeide for at eleven sin rett til eit trygt og godt skulemiljø blir oppfylt.

Mal for aktivitetsplan for Rørstadmarka skule (PDF, 220 kB)

Aktivitetar
  • Fjelldag
  • Aktivitetsdag i markane
  • Samlingsstunder
  • Adventsstunder
  • Karneval
  • Skulen-og elevens val
  • Idrettsdag
Mangfald og inkludering
  • Sosialt årshjul
  • Mitt val
  • Vi er medlem av leikepatruljen. Dette er med på å skape god leik i friminutta, og dei eldste får vere med på å bestemme og organisere. Dette ligg det mykje glede og god læring i.  
Psykisk helse
Samarbeid til beste for barnet
  • Betre tverrfagleg innsats (BTI)
  • PPT er ein viktig støttespelar for skulen. PPT-kontoret held til i Langevåg, men i administrasjonsfløya på Rørstadmarka skule har vi no kontor som PPT kan nytte når dei samarbeider med skulen, tilsette eller føresette. PPT  har jamne møter med skulen og ønskjer å vere ein større del av miljøet ved skulane. PPT si viktigaste oppgåve er å gje pedagogiske og psykologiske råd, særleg i høve tilrettelegging av undervisninga for elever med særskilde behov. PPT skal òg fungere som støtte i direkte kontakt med føresette, elevar og lærarar. Bår PPT vil også bistå med ulik grad av kartlegging om vi treng hjelp til det.
  • Helsesjukepleiar. Vi har eige kontor til helsesjukepleiar, du finn kontert hennar i administrasjonsfløya. Helsesjukepleiar er stasjonert på skulen 4 dagar kvar veke; tysdag – fredag.
  • Samba. : Tverrfagleg samarbeid der foreldre blir sett på som den viktigaste samarbeidsparten. Sula kommune ønskjer å bli betre i sitt arbeid med å tilby tidleg hjelp til bar og familiar som av ulike årsakar slik i kvardagen. Vil tilbyr SamBa (saman om barna). SamBa skal vere eit lavterskertilbod der både foreldre, skule eller andre kan melde behov for rettleiing.
  • Skilsmissegrupper. Blir gitt i regi av helsesjukepleiar. Dette er eit tilbod som rettar seg mot dei barna som har to heimar.
  • BAPP-grupper. Blir gitt i regi av helsesjukepleiar. Dette er eit tilbod til barn med foreldre med psykiske vanskar eller avhengigheitsvanskar.

    barnevern 

Elev- og læringssyn

Elevsyn ved Rørstadmarka skule

Ved Rørstadmarka skule ønskjer vi at elevane:   

  •   kjenner seg verdifulle  
  • opplever omsorg, blir sett, snakka med og lytta til  
  • opplever ein trygg og forutsigbar skulekvardag  
  • blir møtt med tydelege, positive og samkøyrde vaksne. 
  • får konstruktive tilbakemeldingar på ein trygg måte  
  • opplever tillit og ansvar  
  • blir behandla likeverdig og med respekt.  
  • er inkluderte og ein del av fellesskapet  

Læringssyn ved Rørstadmarka skule

Vi ønskjer at elevane ved Rørstadmarka skule  

  • får oppleve eit  læringsmiljø som skaper glede, trivsel og lyst til å lære
  • får tilpassa opplæring slik at dei opplever meistring, i tråd med eigne evner og føresetnader 
  • møter eit læringsmiljø som er oversiktleg med tydelege forventningar og mål  
  • møter lærarar som er engasjerte, godt  førebudde og skaper motivasjon
  • får lære seg å arbeide sjølvstendig og får trening i å samarbeide med andre
  • øver på å vurdere eiga læring
  • utviklar livsmeistringskompetanse
  • forstår at elev, føresette og lærarar saman har ansvar for eleven si læring. 
  • opplever gode relasjonar mellom skule- heim.   
Medverknad for elevane
  • Elevråd. 
    Elevrådet skal fremme fellesinteressene til elevane på skulen og arbeide for godt lærings- og skulemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i, og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.  
  • Elevsamtalar 2 gongar per år
  • Utviklingssamtalar 2. gongar i året
Klassekontakt

Tidleg kvar haust blir det i kvar klasse arrangert eit klasseforeldremøte. Om det ikkje har vore gjort før, skal det då veljast klassekontakter.    

Klassekontaktene skal  

  • Planleggje foreldremøte saman med kontaktlærarane. 
  • Halde god kontakt med andre foreldre og formidle deira synspunkt og innspel inn mot lærarane og leiinga ved skulen. 
  • Møte i FAU og fremje foreldra sine interesser der.  
Foreldra sitt samarbeidsutval (FAU)

Er heimla i opplæringslova og samansett av klassekontaktene.  

FAU skal  

  • Fremje fellesinteressene til foreldre og føresette. 
  • Medverke til at foreldre og føresette kan ta aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. 
  • Medverke til godt samarbeid mellom heim og skule. 
  • Medverke til positiv utvikling av elevane. 
  • Skape kontakt mellom skulen og nærmiljøet.  
Samarbeidsutvalet (SU)

Samarbeidsutvalet er skulen sitt høgste rådgjevande organ. Elevar, foreldre, lærarar og andre tilsette er representerte i SU. I tillegg har kommunen to representantar, og rektor skal vere den eine av desse.  
 
SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen t.d: 

  • Forslag til budsjett. 
  • Verksemds-og utviklingsplan for skulen. 
  • Plan for samarbeid skule- heim. 
  • Skulevurdering. 
  • Planar for ombygging og vedlikehald. 
  • Skulen si informasjonsverksemd. 
  • Skuleskyss. 
  • Trafikktilhøve. 
  • Ordensreglement.