Ny i Sulaskulen

Her har vi samla informasjon som kan vere nyttig for nye elevar i Sulaskulen, du finn også mykje informasjon under Skule på heimseida vår.

Kort fortalt

  • Barn startar på skulen det året dei fyller 6 år.
  • Alle barn som skal starte på skulen får brev frå nærskulen sin.
  • Barnet/familien får brev frå-  og er automatisk tildelt plass ved den skulen barnet høyrer til.

Innskriving

Innskriving av elevar til første klasse skjer i november året før dei skal begynne på skulen. Dette skjer elektronisk på bakgrunn av folkeregistrert adresse. 

Nye elevar får brev frå  nærskulen sin med informasjon om

  • skulen
  • om når barnet skal få besøke skulen saman med si førskulegruppe
  • når barnet og føresette skal komme til skulen for bli-kjent-dag.

Om du på ønsker å vite kva for ein skule barnet ditt skal skrivast inn ved, ta kontakt med rektor ved ein av skulane for å få vite kva for skule  som er dykkar nærskule.

Nærskuleprinsippet

I Sula kommune meiner vi at det beste for barna er å få gå på den skulen som er nærast heimen. Det skal særlege grunnar til for å innvilge ein elev skuleplass på ein skule i ein anna skulekrets enn der barnet bur.

Utgangspunktet for eleven sin rett til skulegang er nærskuleprinsippet, jmf Opplæringslova § 8-1 første avsnitt. I gjeldande forskrift om skulekrinsar i Sula kommune kan skulane likevel vurdere om barnet skal få gå på ein annan skule en nærskulen, i slike tilfeller skal det leggast vekt på følgande forhold

  • dokumenterte særskilde behov
  • ønske om at søsken skal gå på same skule

Om ein skule ikkje har plass til fleire elevar, kan kommunen plassere dei elevane som har minst tilhøyrsle til gjeldande skule, på ein skule med ledig kapasitet. Rettane etter Opplæringslova § 8-1 kan altså ikkje framtvinge eit krav om utviding av skulen sine lokaler. 

Bytte skule

Søknad om å bytte skule

Forskrift om skulekrinsar i Sula kommune (PDF, 308 kB)

Lovar og reglar

Opplæringslova

Kontakt

Børre Andreas Hagen
Rektor Solevåg skule
E-post
Mobil 95 71 02 29
Janne Lise Lundbø
Rektor Rørstadmarka skule
E-post
Mobil 95 71 02 00