Sula kommune har 4 skulekretsar for 1. - 7. klasse:
Kommunen har ein skule for 8. - 10. klasse, Sula ungdomsskule, alle ungdomsskuleelvar i Sula kommune soknar til den.
Kart over skulekretsane
Tildeling av skuleplass
Sula kommune tildeler skuleplass til dei som skal begynne i 1. klasse om hausten, føresette får brev om dette. Dersom de ikkje har mottatt slikt brev, må de ta kontakt med skulen i den skulekretsen de høyrer til.
Rett til å gå på nærskulen er heimla i opplæringslova § 8-1”Grunnskoleelevar har rett til å gå på den skulen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til.” Ein elev kan likevel få tildelt skuleplass ved ein annan skule dersom nærskulen er full.
Bytte skule
Om de ønsker å bytte skule må de ta kontakt med rektor på den skulen de soknar til. Frist for å søke om skulebytte er 1 veke før innskriving. Dato for innskriving kan variere litt frå år til år, men er normalt lagt til siste veka i november året før barnet skal starte i 1.klasse.