Reguleringsplan for Karlgarden på Havnegjerde - gnr 97 bnr 5 m.fl. – 1 gongs høyring og offentleg ettersyn.
Sula plan- og miljøutval vedtok i møte 01.09.2026, sak PMU 070/26, å legge forslag til «Reguleringsplan for Karlgarden på Havnegjerde», planID 2021000921, ut til offentleg ettersyn og høyring i 6 veker, med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-10 og 12-11.
Planforslaget ligg ute med to alternativ for samlevegføring. Det blir derfor særskilt bedt om uttale til kvart av dei to alternativa, med tilhøyrande føresegner:
Planalternativ 1
Planalternativ 2
Skilnaden mellom alt. 1 og 2 er hovedsakleg vegføringa for samanbindingsvegen mellom Holsvegen i nord og Veddevegen i sør.
Planomtale, ROS-analyse, flaum- og støyrapportar m.m. er felles for dei to alternativa.
Plandokument
Innspel
Merk innspelet tydeleg med «Reguleringsplan for Karlgarden på Havnegjerde – planID 2021000921», og oppgi gjerne kva for vegalternativ uttalen gjeld.
Høyringsinnspel kan sendast til Sula kommune på ein av følgande måtar:
Merknader og uttaler til planforslaget skal sendast til Sula kommune innan 22.10.2026
Publisert 04.09.2026 08.28
Sist endra 04.09.2026 09.15