Kva undersøkingar står igjen, konsekvensutgreiing

«Forskrift om konsekvensutredninger (FOR-2017-06-21-854)» av 1. juli 2017 vert brukt som grunnlag i vurderinga om planen må konsekvensutgreiast og krevja eit planprogram. Forskrifta skil mellom planar som alltid skal utgreiast etter forskrifta og planar som skal vurderast om konsekvensane må utgreiast.

Tiltaket fell ikkje inn under tiltak lista opp i vedlegg I til forskrifta, tiltak som alltid skal utgreiast. Reinseanlegg for spillvatn er eit av tiltaka som er lista opp under tiltak der konsekvensutgreiing skal vurderast. Planmyndigheita har vurdert at tiltaket kan få konsekvensar for miljø og samfunn at konsekvensutgreiing skal gjennomførast. I samsvar med forskrifta sitt kp. 5 vil konsekvensutgreiinga skildre tiltaket, dagens miljøtilstand, gjere greie for alternativa til utforming, teknologi, lokalisering, omfang og målestokk som kommunen har vurdert, og ei utgreiing av relevante og realistiske alternativ.

For tiltak som kjem under vedlegg II er det ikkje krav om planprogram, jf §7. Det vert difor gjort greie for gjennom dette varselet kva tema ein har vurdert som aktuelle å gå nærare inn på i ei konsekvensutgreiing. For resterande tema vert verknadar vurdert på vanleg måte i samsvar med Miljøverndepartementet sin rettleiar for reguleringsplan.

Følgjande verknadar er vurdert som aktuelle og skal utgreiast i dette planarbeidet:

  • Forureining av luft inkl. luktproblematikk
  • Forureining av sjø i anleggs- og driftsfase inkl. vurderingar knytt til Forskrift om rammer for vannforvaltningen.
  • Støyvurderingar i samsvar med Retningslinje for behandling av støy i arealplanleggingen – T1442
  • Trafikktilhøve i anleggs- og driftsfasen, inkl. trafikktryggleik
  • Grunnforhold og skredfare
  • Kulturarv
  • Naturmangfald, inkl. marint naturmangfald
  • Samfunnsmessige verknadar
  • Friluftsliv og nærmiljø
  • Naturressurser

Arbeidet med fagutredningane starta opp hausten 2020.