Tilgang til ikkje ønskja innhald på internett og nettvett
Når eleven er logga på skulen sitt nettverk, fungerer den vanlege brannmuren. Brannmurar og filter på dei forskjellige heimenettverka har skulen ingen kontroll over. Sula kommune har heller ikkje moglegheit til å skanne kvar einskild eining før/når den er logga på skulenettverket, og ønskjer det heller ikkje.
Synlege sikkerheitsbrot vert handtert fortløpande av skulen/kommunen. Skulen kan slette og reinstallere innhald på eininga jamfør kontrakt som er skrive med heimane.
Vi har fokus på å gje elevane digital danning gjennom haldningsskapende arbeid og opplæring i nettvett. Sula kommune har eit eige prosjekt som går på nettvett og som skal bu barna på å ferdast i den digitale verda, der barn og føresette har fått opplæring i kva nettvett/digital danning er.
Sula kommune har via eKommune Sunnmøre ein eigen profil som er lagt på alle læringsbrett. Denne profilen hindrar blant anna elevene frå å logge på App Store, iCloud, installere «public apps», slette alt på eininga og mange andre restriksjonar. Denne profilen er basert på erfaring frå andre skular og deira bruk av læringsbrett. Profilen inneheld også innstillingar på alle læringsbrett for alle elevar. Formålet med filteret er å avgrense tilgang til innhald som ikkje er eigna for barn.
Vårt filter fjernar noko av det ikkje ønskja innhaldet, men filteret må verte supplert av kontinuerleg arbeid med nettvett og digital danning frå både skulen og heimen. Filteret kommunen har lagt inn er låst til kvart enkelt læringsbrett. Det er alltid aktivt uansett kvar eleven måtte vere kopla til internett; heime, på skulen eller tilkopla andre nett.
Det vil dessverre skje at elevane likevel blir utsett for ikkje ønska innhald på internett. Det er derfor viktig at skulen, lærar og føresette rustar elevane best mogleg til å handtere situasjonar der dei kan bli møtt med slikt innhald.