Tilgang til ikkje ønskja innhald på internett og nettvett
Når eleven er logga på skulen sitt nettverk, fungerer den vanlege brannmuren. Brannmurar og filter på dei forskjellige heimenettverka har skulen ingen kontroll over. Sula kommune har heller ikkje moglegheit til å skanne kvar einskild eining før/når den er logga på skulenettverket, og ønskjer det heller ikkje.
Synlege brot på vert handtert fortløpande av skulen/kommunen. Skulen kan slette og reinstallere innhald på eininga, jamfør kontrakt som er skrive med heimane.
Vi har fokus på å gi elevane digital danning gjennom haldningsskapende arbeid og opplæring i nettvett. Sula kommune har eit eige prosjekt som går på nettvett og som skal bu barna på å ferdast i den digitale verda. Elevar og foreldre har fått opplæring i kva nettvett/digital danning er. Nettvett er naturlege tema på foreldremøter
Sula kommune har via eKommune Sunnmøre ein eigen profil som er lagt på alle læringsbrett. Denne profilen hindrar blant anna elevene frå å logge på App Store, iCloud, installere «public apps», slette alt på eininga og mange andre restriksjonar. Denne profilen er basert på erfaring frå andre skular og deira bruk av læringsbrett. Profilen inneheld også innstillingar på alle læringsbrett for alle elevar. Formålet med filteret er å avgrense tilgang til innhald som ikkje er eigna for barn.
Vårt filter fjernar noko av det ein ikkje ønskjer av innhlad, men filteret må verte supplert av kontinuerleg arbeid med nettvett og digital danning både frå skulen og heimen. Filteret kommunen har lagt inn er låst til kvart einskild læringsbrett. Det er alltid aktivt uansett kvar eleven måtte vere kopla til internett; heime, på skulen eller tilkopla på andre nett.
Det vil dessverre skje at elevar likevel blir utsett for ikkje ønska innhald på internett. Det er derfor viktig at skulen, lærarar og føresette rustar elevane best mogleg til å handtere situasjonar der dei kan bli møtt med slikt innhald.