Sula kommune

Torsdag 10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse, og tema i år er «Gi tid».

Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjerne ha innspel om framtida til fylket, og har difor laga ei spørjeundersøking. Har du eit innspel du vil kommme med?

Delta i undersøkinga, premiar kan du vinne også.

Pårørandeskulen i Sula kommune er eit kurstilbod til pårørande og nære vener til ein person med sjukdomen demens.

Tid og stad: 24.sep. kl 18:00 - 20:30, Utsikten, Devoldfabrikken
 

Innan 1. november 2019 er det høve til å søke kommunen om kulturstipend. 
Søknadsskjema og nærare informasjon om stipendordninga. 

Valdeltakinga i Sula kommune auka med 6,4 % og enda på 61,4 %, mot 55 % ved valet i 2015. 

Vi minner om at det er mogleg å førehandsrøyste i servicetorget på rådhuset. Måndag til onsdag har vi ope 08:00-15:30, torsdag og fredag har vi opent 08:00-18:00.  Ta gjerne med valkort og hugs legitimasjon.

Velkommen innom! 

No når vi sender ut faktura for kommunale avgifter minimum 4 gongar pr. år, er det ikkje lenger mogleg å dele fakturaen slik som tidlegare. Du kan få utsett betaling av faktura i 30 dagar, og du kan melde frå om at du ønsker månadleg faktura.

Det har kome tilbakemeldingar om at bussane som køyrer elevar til og frå Sula ungdomsskule er overfylte, enkelte elevar har difor stått under transporten.