PMTO - tilbod til familiar med barn
PMTO (Parent Management Training-Oregon) er eit evidensbasert tilbod for familiar med barn som opplever utfordringar knytt til samarbeid, grensesetting og samspel i kvardagen. Målet er å styrke relasjonen mellom føresette og barn, og bidra til positiv utvikling så tidleg som mogleg.
Sula Kommune tilbyr tre ulike PMTO-tilbod, tilpassa ulike behov:
PMTO-terapi
Målet
Målet er å redusere åtferdsvanskar ved å styrke samspelet mellom barn og føresette. Føresette får støtte til å utvikle ein positiv og trygg foreldrepraksis som fremjar barnet si utvikling.
Innhald:
Føresette samarbeidar tett med ein terapeut og arbeider med konkrete ferdigheiter som kan brukast i kvardagen.
- Fokus på samspel, foreldrerolla og barns åtferd
- Arbeid med konkrete situasjonar frå kvardagen, med hjelp av konkrete verktøy.
- Systematisk trening på nye ferdigheter
Korleis føregår det?
- Jamlege samtalar (10-40 samtalar)
- Tilpassa opplegg i lag med familien
- Øving og oppgåver mellom møta
Kven passar det for?
- Familiar med barn (3-12 år)
- Som har åtferdsvanskar eller mykje konflikt i kvardagen.
Dersom du tenker at PMTO terapi, ellet PMTO rådgiving er noko for din familie: fyll ut skjema til foreldre og ungdomstøtte team.
PMTO-rådgiving
Målet
Målet er å førebygge utvikling av åtferdsvanskar og styrke positivt samspel mellom barn og føresette.
Innhald:
Føresette får støtte til å:
- Etablere gode rutiner i kvardagen
- Redusere konflikt og stress
- Bruke positive foreldreferdigheter
- Støtte barnet si utvikling og meistring
Korleis føregår det?
- Kortvarig rettleiing (4-7 møter)
- Samtalar med utgangspunkt i kvardagssituasjonen
- Enkle verktøy som kan takast i bruk med ein gong.
Kven passa tilbodet for?
Føresette med barn (i alder 3-12 år) som:
- Opplever byrjande utfordringar
- Ønsker støtte tidleg
- Vil førebygge vidare utvikling av vanskar
Dersom du tenker at PMTO terapi, ellet PMTO rådgiving er noko for din familie: fyll ut skjema til foreldre og ungdomstøtte team.
PMTO - foreldregruppekurs
PMTO-foreldregruppekurs er eit gruppetilbod for føresette som ønskjer støtte i møte med utfordringar i samspel med barnet.
Målet med foreldrekurs:
Målet er å styrke relasjonen mellom barnet og føresette og bidra til meir samarbeid og trivsel i familien.
Innhald:
Førsette lærer konkrete strategiar gjennom
- Samtalar og refleksjon
- Øvingar
Tema i gruppa er mellom anna:
- Positiv merksemd og ros
- Gode rutiner
- Grensesetting
- Problemløysning og konflikthandtering
Korleis føregår det?
- Samlingar i gruppe leia av to rettleiiarar
- Kombinasjon av fagleg input og erfaringsdeling
- Fokus på å prøve ut nye strategiar heime
Kven passa tilbodet for?
Føresette med barn i alder 4-10 år som har opplevd utfrodringar i kvardagen eller ønskjer å styrke samspelet med barnet.
Neste kurs
Neste kurs er planlagt hausten 2026, men dato er ikkje avklart.
Dersom du ønskjer å delta på kurs, registrer deg her, så får du informasjon om påmelding når dato er avklart.
Har du spm? Ta gjerne kontakt med tiltakskoordinator: