Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

0 til 6 år

Kva tilbyr vi?

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) skal bidra til kompetanseheving og organisasjonsutvikling i barnehagar, og gjer ei utgreiing og gir råd om behov for spesialpedagogisk hjelp (sakkunnig vurdering). Du kan lese meir om PPT og spesialpedagogisk hjelp på UDIR sine sider ved å trykke her. 

  • PPT gir sakkunnig uttale om utsett og framskoten skulestart.
  • PPT gir råd om logopedbehandling når dette fell inn under kommunen sitt ansvarsområde. Les meir om logopedhjelp her.
  • PPT deltek i SamBa småbarn og ICDP, som du kan lese meir om her.
  • PPT kan gi råd til føresette og personale i barnehagen om utvikling, trivsel og tilpasning.
  • PPT har eige førskuleteam, med to pedagogisk-psykologiske rådgivarar.
  • PPT har spesialpedagogisk team, som følgjer opp tilråding og vedtak om spesialpedagogisk hjelp, og gir direkte hjelp til barna. Slik hjelp kan vere ulike stimuleringstiltak som er grunnleggande for den vidare utviklinga til barnet. Tidleg innsats og heilskap i barnehagetilbodet er sentralt.

Kven kan få tilbodet?

Føresette og barn i førskulealder.
Personale i barnehagane.

Korleis få tilbodet?

Føresette kan ta kontakt gjennom barnehagen, helsestasjonen, evt. gjennom andre hjelpetenester.
Meldeskjema skal fyllast ut. Vi ønsker at barnehagar og/eller helsestasjonen skal ha gjennomført naudsynt kartlegging før melding til PPT. Barnehagen skal fylle ut pedagogisk rapport.
PPT kan gi råd til barnehagar om barn som ikkje er meldt til PPT, når føresette har gitt samtykke eller det er tilstrekkelig anonymisert. Barnehagane kan ta direkte kontakt med førskuleteamet eller fagleiar.
Systemmelding vert sendt til PPT dersom ein ønsker hjelp til utviklingsarbeid i barnehagen.

Kva skjer vidare?

Etter meldinga er mottatt vil føresette og meldar få tilbakemelding om planlagt oppstart. Saksansvarleg pp- rådgivar vil gje tilbakemelding undervegs og etter fullført utgreiing. Etter sakkunnig tilråding om spesialpedagogisk hjelp, skal styrar i barnehagen gjere vedtak. I samarbeid med barnehagen følgjer spesialpedagogisk team i PPT opp tilråding og vedtak.

Klage

Foreldre kan klage på vedtak om spesialpedagogisk hjelp.

Lover og reglar, 

Barnehagelova

Kontakt

Katrin Torben
Merkantil/kontor for PPT
E-post
Telefon 70 19 95 40

 

Send sikker post til PPT

Organisasjonsnummer: 975319202  

Synnøve Molvær Vågnes
Fagleiar, PPT
E-post
Telefon 70 19 95 43
Mobil 995 37 527
Live Rensch Hareide
Pedagogisk psykologisk rådgivar
E-post
Telefon 70 19 78 42
Hilde Alnæs
Pedagogisk psykologisk rådgivar
E-post
Telefon 70 19 95 42
Catharina Kringstad Vedde
Spesialpedagog
E-post
Haldis Marie Rønningen Skulstad
Spesialpedagog
E-post
Monica Yvonne Furnes
Spesialpedagog
E-post
Norunn Solevåg Vågsether
Spesialpedagog
E-post
Toril Lervåg
Spesialpedagog
E-post
Alice Reithaug
Spesialpedagog
E-post

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30