Områdeplan for Sulafjellet (Sula Gondol)

Saka om  ei eventuell gondolbane frå Devoldfabrikken til Rundehornet, har skapt mykje engasjement. Vi har laga denne nettsida då vi ser at folk har eit stort behov for faktabasert informasjon.

_________________________________________________________________________________

Nytt i saka

Det har tidlegare blitt signalisert at saka skulle opp i plan- og miljøutvalet i Sula 25. januar og i kommunestyret 8. februar, men no er den politske behandlinga utsett.

– Administrasjonen treng meir tid til å utarbeide eit godt og gjennomarbeida dokumentunderlag for saka. Slik vi vurderer det no er det realistisk at saka kan leggast fram til politisk behandling i løpet av april, skriv kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen.

Ho legg til at saka er av stor interesse, og mange nok ønsker ei snarleg avklaring. 

Vi håper likevel det er forståing for at grunnlaget for saka må vere forsvarleg greidd ut før den kan leggjast fram for politisk behandling, seier Vikhagen

_________________________________________________________________________________

Sida er under arbeid, vi fyller på med ny informasjon etter kvart som den kjem inn. Vi håper at du finn informasjonen nyttig, og at du finn det du leitar etter, men saknar du noko vil vi gjerne at du melder frå til oss.

Oversikt over det som har skjedd i saka så langt